Gabriel Endresson Moseid () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vennesla som i tida frå 1919 til 1953 representerte Vest-Agder på Stortinget, fyrste valperioden for Venstre, sidan for Bondepartiet. Han var bestefar til Edvard Moseid.

Liv og gjerning Moseid var son til ein gardbrukar. Etter ein skulevinter på amtsskulen 1899–1900, gjekk han deretter i to år på Søgne landbruksskule. I 1909 tok han over farsgarden på Moseid og dreiv denne i fleire tiår.

Han engasjerte seg tidleg i bygdestellet, formann i Vennesla Skyttarlag eitt år og Vennesla Idrettslag i to år. Få 1910 til -22 var han med i kommunestyret i Vennesla, ordførar 1919–22. I åra frå 1915 til -21 var han også bokhaldar og kasserar i Vennesla Sparebank.

Moseid møtte perioden 1919-21 på Stortinget som vararepresentant for Venstre. Då Bondepartiet vart stifta i 1921 melde han overgang og kom med i hovudstyret for partiet i 1922, ein posisjon han hadde i 25 år. Han var stortingsrepresentant for Bondepartiet frå 1922 til 1953. Då partikollega Jens Hundseid var statsminister 1932-33, var Moseid parlamentarisk leiar i Bondepartiet. Frå 1934 til 1945 var han president i Lagtinget. På Stortinget var han medlem av Finanskomiteen 1945-49 og Utanrikskomiteen 1950-53. Han var elles riksrevisor 1931-46 og 1947-54, og styreformann i Statens Husbank 1948-49. Moseid, som var «[s]erleg vel inne i økonomiske spørsmål og grunnlovsspørsmål» var med i ei rad utval og kommisjonar.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Ordførarar i Vennesla Kategori:Sp-ordførarar Kategori:Folk frå Vennesla