Hallvard Håreksblese (norrønt: Hallvarðr Háreksblesi) var ein skald som levde i byrjinga av 1000-talet.

I SkaldatalSkáldatal på norrønt, frå is.wikisource er han ført opp som skald hos kong Knut den store. I SkaldskaparmålSkaldskaparmål frå heimskringla.no er det sitert strofer frå ei dråpa han gjorde til kong Knut.

Av diktinga hans er bevart berre deler av Knutsdråpa. Knútsdrápa frå Skaldic Project Særmerkt for Hallvard er at han nytta heidne motiv i diktet, samstundes om han tok i bruk biletspråk frå kristendomen, t.d. i omkvedet: Knútr verr jǫrð sem ítran alls dróttinn sal fjalla. Knut verjer landet som allheims herre (forsvarer) himmelen

Ein reknar med at Hallvard Håreksblese var i teneste hjå kong Knut i tida frå omkring 1028, elles veit vi ikkje noko meir om hans liv og lagnad.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie første bind, av Finnur Jónsson (1920)

Kategori:Skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Folk frå norrøn tid Kategori:Folk i Skaldatal