Ingvald Forsberg () var ein norsk journalist og forfattar.

Sjukdom og folkehøgskole 20 år gammal vart Forsberg sjuk, men han kom seg til helsa, så noklunde. Og 22 år gammal for han til Vaagan folkehøgskole i 1910-11. Vinteren etter gjekk han Telemark folkehøgskule (1911-12), og neste vinter (1912-13) gjekk han på Voss Folkehøgskule.

Frå Voss for Forsberg på anleggsarbeid i Odda. Og i Hardanger fekk han også tid til å skrive den første boka si, men den fekk han ikkje forleggjar til, så den tok han med seg nordover og fekk ho trykt som føljetong i avisa Nordlændingen.

Bladmannen Folkehøgskoleåra gjorde at Forsberg byrja å skrive. Mange av innlegga blei prenta i Ungdomsbladet som kom ut i Kabelvåg. Og etterkvart fekk Forsberg stillingar i pressa.

Frå 1914 var han redaksjonssekretær i Nordlændingen i Kabelvåg i eit par år.

Så arbeidde Forsberg ei tid i avisa Haalogaland i Harstad, og frå januar 1916 var han også den første redaktøren for ungdomsbladet Midnattsol som kom ut i Harstad.

Forsberg søkte seg større bladpostar, og frå januar 1917 var Forsberg redaktør i Østlandsposten i Larvik, Den 17de mai, torsdag 11. januar 1917 men alt i april 1917 måtte han slutte på grunn av sjukdom. Den 17de mai, måndag 16. april 1917

Frå juni 1917 finn vi Forsberg som styrar for avisa Vestfold. Den 17de mai, tysdag 19. juni 1917

I juli 1918 høyrer vi at Forsberg er sett til styrar i avisa Nordlændingen i Kabelvåg. [https://www.nb.no/items/cfaaa5bc28681f671bbee01c39999821?page=1&searchText=%22Ingvald%20Forsberg%22 Den 17de mai, laurdag 27. juli 1918 ]

Men alt i september 1918 blir det meldt at Forsberg har byrja som redaksjonssekretær i Fædrelandsvennen i Kristiansand. Den 17de mai, tysdag 17. september 1918 Denne stillinga ser han ut til å ha hatt til mai 1919, då det blei meldt at han var tilsett i Agder Tidend. Den 17de mai, måndag 12. mai 1919 Men Forsberg byrja ikkje i Agder Tidend, han måtte seie ifrå seg stillinga. Den 17de mai, onsdag 27. august 1919

Med dette var den aktive bladmannstida over, men Forsberg heldt fram med å skrive i avisene om ulike emne. Han skreiv bl.a. ein del i nynorskavisa Den 17de Mai.

Forfattaren Den første boka til Ingvald Forsberg var I anleggsbyen, roman fraa arbeidarlive, og den blei i åra 1914-16 trykt som føljetong i Ungdomsbladet som kom ut i Kabelvåg. Boka var prega av inspirasjonen frå Kristofer Uppdals proletarromanar. Det kan sjå ut som boka blei samla og tilbode,Jfr. melding i Gula Tidend, tysdag 30. januar 1917 men dette er ikkje sikkert.Jfr. omtale i Den 17de mai, tysdag 10. februar 1920

Den eigenlege debuten til Ingvald Forsberg kom i 1919 med ungdomsromanen Moglunten, om guten som blei kua av folkemeininga i bygda, men som viste oppfinnsemd i Lofotfisket og til sist vågar å fri til jenta der heime.Olav A. Loen.

Markus (1932) reknar Olav A. Loen som «den største og mest heilstøypte av bøkene hans», og hovudpersonen er ein framgangsmann i bygda som både lukkast som gårdbruker, blir godt gift og får ordførarvervet etter svigerfaren, men som likevel føler seg einsam og som ein tapar.Olav A. Loen. «Det er ein sterk og heilstøypt psykologisk mannslagnad Forsberg gjev oss i denne boka.»Olav A. Loen.

Olav A. Loen har skrive eit minneskrift om Ingvald Forsberg; det blei først gitt ut som særtrykk av avisa Austland på Hamar i 1943 Olav Alvheim: "Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil", Norsk Skoletidendes Boktrykkeri, Hamar, 1943, og så kom det eit nytt opptrykk med fleire bilete på Marius Evjebergs forlag i 1956.Olav Alvheim: "Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Til 70-årsdagen", Marius Evjebergs forlag, Bøstad, 1956

Forfattarskap 1914-16: I anleggsbyen. Roman fraa arbeidarlive (nynorsk)Kjellarforteljing i Ungdomsbladet, frå 23. oktober 1914 1919: Moglunten, fortelling frå Nordland (nynorsk)Ingvald Forsberg: "Moglunten. Fortelling frå Nordland", Olaf Norlis forlag, Oslo 1919 1921: Den store striden, roman (nynorsk)Ingvald Forsberg: "Den store striden", Olaf Norlis forlag, Oslo 1921 1925: Nyheim, roman (nynorsk)Ingvald Forsberg: "Nyheim", Olaf Norlis forlag, Oslo 1925, framhald av Den store striden 1932: Markus, roman (nynorsk)Ingvald Forsberg: "Markus", Olaf Norlis forlag, Oslo 1932 1934: Det nye riket, roman (nynorsk)Ingvald Forsberg: "Det nye riket", Olaf Norlis forlag, Oslo 1934

Litteratur

Olav Alvheim: Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Særprent av Austland. Hamar 1943Olav Alvheim: Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Særprent av Austland. Hamar 1943 Olav Alvheim: Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Til 70-årsdagen Marius Evjebergs Forlag, Bøstad 1956Olav Alvheim: Ingvald Forsberg. Ein diktarprofil. Til 70-årsdagen Marius Evjebergs Forlag, Bøstad 1956 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Steigen Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg