Sigurd Wesley Christiansen () var ein norsk postmann og kulturkonservativ forfattar, fødd og død i Drammen. Som forfattar var han ein «uvanleg djuptloddande psykolog». Hovudpersonane i verka hans strir ofte «med skuldkjensle og religiøs» tvil, og finn ro gjennom moralske prøvingar og offer.
Forfattarskap Christiansen debuterte med romanen Seieren i 1915, og gav i åra framover ut både romanar, fleire skodespel og ei novellesamling. Romantrilogien Indgangen, Sverdene og Riket kom ut i tida 1925-29 og handlar om ein kunstnar som «rømer frå småbyen, men vender tilbake og lærer forstå menneska der, og når sjølv til soning og fred».
I 1931 vart Christiansen landskjend då romanen To levende og en død vart tildelt fyrsteprisen i 'Den nordiske romankonkurranse 1931'. Prisen var på kroner 10 000. Romanen, som vart filmatisert fyrste gongen i 1937, set ekte mot opp mot falskt mot.
Utover 1930- og 40-åra kom nye romanar der Christiansen tok opp ulike etiske spørsmål. I trilogien Drømmen om livet, Det ensomme hjerte og Menneskenes lodd, utgjeven 1935-45, skildrar han «korleis ei kunstnarsjel faldar seg ut». Han vart tildelt Gyldendals legat i 1940.
Christiansen var postfunksjonær ved Drammen postkontor til han i 1945 fekk diktarløn.
Verkliste Seieren (1915) Offerdøden : skuespil i fire akter (1919) Døperen (1921) Indgangen (1925) Edmund Jahr (1926) Sverdene (1927) Riket (1929) To levende og en død (1931) En reise i natten (1931) Dydens have (1932) Agner i stormen (1933) Drømmen og livet (1935) – trilogien om Jørgen Wendt, 1 Det ensomme hjerte (1938) – trilogien om Jørgen Wendt, 2 Mannen fra bensinstasjonen (1941) Menneskenes lodd (1945) – trilogien om Jørgen Wendt, 3
Kjelder
Norsk Allkunnebok. II. bandet. 1951
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Forfattarar frå 1900-talet