Karl Friedrich Kurz () var ein tysk/sveitsisk/norsk forfattar.

Karl Friedrich Kurz er fødd nær Freiburg, Bremgarten i Tyskland. Som barn flytta han med foreldra til Basel i Sveits. Han ønskte å bli kunstmålar og begynte på akademiet i Karlsruhe.

Det var tilfeldigheiter som gjorde han til skribent og forfattar. Etter å ha ført eit omflakkande tilvære med omfattande reiseverksemd i m.a. aust-Asia og Japan, slo han seg ned i Noreg der han skreiv romanar på tysk. Han var påverka av Knut Hamsun og henta inspirasjon frå naturen og folkelivet ved Sognefjorden og i Sunnfjord.

Romanane vart svært populære i Tyskland og vart selde i store opplag. I 1934 fekk han Schillerprisen og Volkspreis frå Schweizerische Schillerstiftung i Zürich.

Han budde først i Solund, så ved Vadheim i Høyanger kommune før han i 1924 slo seg ned i Vårdal i Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Der budde han til 1950. Då forlet han familien sin og flytta til Nessjøen (Nese) i Fjell kommune på Sotra i Hordaland. Han budde der til han døde i 1962, 84 år gamal. Kurz gav ut 10 romanar og fleire novellesamlingar. Dei etterlatne papira hans er for det meste komne bort.

Karl Friedrich Kurz ligg gravlagt på kyrkjegarden i Holmedal i Dalsfjorden, Sunnfjord.

Bibliografi Bøker - eit utval

Kjelder Om Karl Friedrich Kurz i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990

Bakgrunnsstoff Om Karl Friedrich Kurz i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Sveitsiske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Askvoll Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Forfattarar frå Høyanger