Sivert Nesdal () var ein norsk professor og misjonsprest. Han var frå Loen i Stryn kommune, men reiste 1902 til Minnesota for å studera ved St. Olaf College, der han tok graden B.A. i 1909. Same året tok Nesdal til på Den forenede Kirkes Seminar/Luther Theological Seminary i St. Paul i Minnesota. Han vart ordinert i 1912 og reiste same året til Madegaskar som misjonær. Der vart han seinare professor ved den lutherske presteskulen fram til 1938.

Sivert Nesdal kom attende til Loen i 1939 og levde resten av livet der. Minna hans frå misjonstida er sidan gjevne ut i bokform.

Sivert Nesdal vart tildelt St. Olavsmedaljen.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff Om Sivert Nesdal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Ord gjennom år : dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986 : med bibliografi : ein antologi ved Carl Lauritz-Iversen. Naustdal : Sogn og Fjordane forlag, 1990 Om Sivert Nesdal i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge

Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske misjonærar Kategori:Norske professorar Kategori:Misjonærar på Madagaskar