David Ervin () er ein jazzfunk-klaverspelar frå USA.

Biografi Ervin voks opp i Altadena i California, der han tok etter den musikalske faren sin, DiFosco Ervin, òg kjend som Big Dee Irwin. DiFosco Ervin var ein songar, låtskrivar og plateartist som leia Doo-Wop-gruppa The Pastels. 14 år gammal kombinerte David Ervin element av rock, funk og soul og nytta analoge synthesizerar. Kort tid etter byrja han å spele digitale klaverinstrument og synthesizerar. Kring 20 år gammal var Ervin blitt ein ettersøkt studiomusikar i Los Angeles. Ervin lagde mange rytmespor for andre artistar og nytta seg av dei fremste teknologiske framspringa innan digitale synthesizerar i 1980- og 1990-åra. Han har spelt på album av Tina Turner, Natalie Cole, Phyllis Hyman, Gladys Knight and the Pips, the Jacksons, The Crusaders og Joe Sample.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Ervin» frå , den 21. april 2016. oppgav desse kjeldene:

http://www.artistdirect.com/artist/credits/david-ervin/428073

Bakgrunnsstoff http://www.allmusic.com/artist/david-ervin-p74364/credits

Kategori:USA-amerikanske jazzpianistar Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar