«Break Every Rule» er ein song av Tina Turner. Det var tittelsporet på både albumet hennar frå 1986 med same namn og på verdsturneen «Break Every Rule-turneen» i 1987-1988. Han vart gjeven ut som singel tidleg i 1987 for å marknadsføre albumet og turneen. Songen selde greit nok i USA og Storbritannia. I musikkvideoen kan ein sjå Turner framføre songen på scenne, i tillegg til bakomscener av Turner og bandet frå turneen. Den countryaktige songen vart skriven av den britiske låtskrivaren og songaren Rupert Hine og den dåverande kjærasten hans, Jeanette Obstoj. Han hadde tidlegare hadde skrive «I Might Have Been Queen» på Private Dancer. 12"-singelen av «Break Every Rule» inneheld både ein Extended Dance Mix og ein Extended Rock Mix.
Musikkvideo Den offisielle musikkvideoen vart regissert av Andy Morahan.
Versjonar og miksar 7" edit – 3:48 Album version – 4:02 Extended Dance Mix – 8:46 Extended Rock Mix – 7:02
Lister Liste (1987) PlasseringAustralia (Kent Music Report) 60Europa (Europaan Hot 100 Singles) 44Tyskland (GfK Entertainment) 38
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Break Every Rule (song)» frå , den 24. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1987 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Andy Morahan Kategori:Songar produserte av Rupert Hine Kategori:Songar skrivne av Rupert Hine Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Songar skrivne av Jeannette Obstoj