Ein meromiktisk innsjø har lag med vatn som ikkje blandar seg. Vassmassane nærast botn i ein slik sjø inneheld ikkje løyst oksygen. Botn-sedimentet i meromiktiske sjøar er daudt og uforstyrra på grunn av mangelen på levande organismar. Det øvste vasslaget som har ein viss grad av sirkulasjon blir kalla miksolimnion, mens den permanent stilleståande vassmassen blir kalla monimolimnion. Desse er skilde av kjemoklin, som er det området der forskjellen i saltinnhaldet varierer sterkast.Store norske leksikon, meromiktisk innsjø

I nokre sjøar finn ein bakteriar som nyttar svovel-samanbindingar i fotosyntesen.

Det er truleg fleire årsaker til slike sjøar sjøen har eit stort djup og bratte sider i forhold til overflata det nedste laget har eit høgt innhald av salt og har difor større tettheit enn laga over

Norske døme Nokre meromiktiske innsjøar i Noreg er Rørholtfjorden Kilevann Tronstadvatn Birkelandsvatn Salvatn Botnvatnet Rørhopvatn Strandvatn

Kaspihavet og Svartehavet blir òg rekna som meromiktisk.

Kjelder

Engelsk wikipedia

Bakgrunnsstoff Litteratur Færøvig, Per J., Berit Kaasa og Johannes Kjensmo (2001). Svinesjøen. En undersøkelse av hvordan stans i veisalting vinteren 2000/01 virker inn på sirkulasjonsforholdene i vannmassene, Avdeling for Limnologi, Biologisk Institutt, Universitetet i Oslo. Hakala, Anu (2005). Paleoenvironmental and paleoclimatic studies on the sediments of Lake Vähä-Pitkusta and observations of meromixis, University of Helsinki doktorgradsavhandling.

Kategori:Innsjøar Kategori:Limnologi