Georgia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, då tevlinga vart arrangert i Helsingfors i Finland. Landet har delteke fjorten gongar og har to niandeplassar som beste plassering i Eurovision Song Contest. Georgia har kvalifisert seg til finalen sju gongar på fjorten forsøk og har tre sisteplassar i semifinalen som dårlegaste plassering.

Historikk Det er den georgiske kringkastaren Sakartvelos Sazogadoebrivi Mauts'q'ebeli (GPB) som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Georgia, og som vel det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest. Georgia debuterte i 2007 med Sopo Khalvasji og songen «Visionary Dream».

Fråværet i 2009 Georgia har delteke kvart år sidan, med unntak av i 2009, då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva. På grunn av krigen i Sør-Ossetia i 2008 har det vore debatt i Georgia om landet i det heile tatt skulle deltake i Eurovision Song Contest i 2009.Economou, Thanasis (2008-08-11): «Georgian participation in Eurovision 2009 now questioned» . Oikotimes. 28. august 2008 annonserte den georgiske kringkastaren GPB at Georgia ikkje ville deltake i Eurovision Song Contest i 2009, med grunngjevinga av at dei ikkje ønsket å deltake i eit «land som bryt med menneskerettar og internasjonale lovar».«Georgian broadcaster confirms Eurovision boycott». ESCKaz. 28. august 2008 Men, i desember 2008 ombestemte kringkastaren seg, og Georgia melde seg likevel på tevlinga i Moskva. I den nasjonale finalen 18. februar 2009 vann popgruppa Stephane & 3G med discolåten «We Don't Wanna Put In». Men songen vart raskt ganske kontroversiell, ikkje minst fordi «Put In» var ein openberr referanse til den dåverande presidenten i Russland, Vladimir Putin. Russland protesterte mot teksta og fekk medhald frå Den europeiske kringkastingsunionen, som bad GPB om å endre teksta eller å velje ein annan song. 11. mars kunngjorde GPB at dei ikkje ville endre teksta og meinte kravet frå EBU kom som ei følgje av russisk press. Dimed trekte Georgia seg frå Eurovision Song Contest 2009.

Tilbake i 2010 Året etter, i Bærum, var Georgia tilbake i Eurovision Song Contest og fekk ein niendeplass med Sopo Nisharadse. Ho deltok med songen «Shine», med tekst skriven av norske Hanne Sørvaag.

Ein ny niandeplass fulgte i Düsseldorf året etter, men sidan 2012 har Georgia hatt varierande resultat i tevlinga. Fem gongar har landet ikkje klart å kvalifisere seg til finalen. To av dei gongane har dei hamna på sisteplass i semifinalen.

Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2007 Sopo Khalvasji «Visionary Dream» Engelsk 97 12 123 8 2008 Diana Gurtskaja «Peace Will Come» Engelsk 83 11 107 5 Stephane & 3G «We Don't Wanna Put In» Engelsk colspan="4" 2010 Sopo Nisharadse «Shine» Engelsk 136 9 106 3 2011 Eldrine «One More Day» Engelsk 110 9 74 6 2012 Anri Jokhadse «I'm a Joker» Engelsk og georgisk colspan="2" 36 14 2013 Sopo Gelovani og Nodiko Tatisjvili «Waterfall» Engelsk 50 15 63 10 2014 The Shin og Mariko «Three Minutes to Earth» Engelsk colspan="2" 15 15 2015 Nina Sublatti «Warrior» Engelsk 51 11 98 4 2016 Nika Kotsjarov og Young Georgian Lolitaz «Midnight Gold» Engelsk 104 20 123 9 2017 Tamara Gatsjetsjiladse «Keep the Faith» Engelsk colspan="2" rowspan="3" 99 11 2018 Ethno-Jazz Band Iriao «For You» Georgisk 24 18 2019 Oto Nemsadze «Keep on Going» Georgisk 62 14 Tornike Kipiani «Take Me as I Am» Engelsk colspan="4" 2021 Tornike Kipiani «You» Engelsk rowspan="3" colspan="2" 16 16 2022 Circus Mircus «Lock Me In» Engelsk 22 18 2023 Iru Khetsjanovi «Echo» Engelsk 33 12 2024 Nutsa Buzaladze «Firefighter» Engelsk 34 21 54 8 2025 Mariam Shengelia «Freedom» Georgisk og engelsk colspan="2" 28 15 2026 «» Engelsk

Røystehistorikk (2007-2021) Finalane

+ Georgia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 116 02 104 03 93 04 63 05 60

+ Georgia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 75 02 69 03 51 04 45 05 43

Semifinalane

+ Georgia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 66 02 58 03 56 04 53 05 52

+ Georgia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 78 02 66 03 64 04 54 05 51

Galleri

Sjå òg Georgia i Junior Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Georgia i Eurovision Song Contest» frå , den 5. mars 2021.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar