Gisela von Arnim (), gift Grimm, var ein tysk forfattar som særleg skreiv eventyr.
mini|venstre|Gisela von Arnim som barn.
Ottilie Beate Gisela Walburgis von Arnim var fødd i Berlin. Ho var den yngste dottera til forfattarparet Achim og Bettina von Arnim. Då ho var tre år gammal døydde faren, og mora tok seg av oppsedinga av jenta.
Saman med systrene sine skipa Gisela von Arnim ein kvinneleg litterær salong, Kaffeterkreis, på 1840-talet. Krinsen fekk etterkvart også nokre mannlege medlemmer, med æresmedlem som H.C. Andersen og Emmanuel Geibel.
I 1859 gifta ho seg med Herman Grimm, ein germanist og kunsthistorikar som var son av eventyrsamlaren Wilhelm Grimm.
Verk
Das Leben der Hochgräfin Gritta von Rattenzuhausbeiuns (eventyr med Bettina von Arnim) Mondkönigs Tochter (eventyr) Aus den Papieren eines Spatzen (eventyr) Das Licht (eventyrspel) Die gelbe Haube (eventyrspel) Dramatische Werke
Kjelder «Gisela von Arnim - Overview» 2002-01-01 ved Oxford Reference
Denne artikkelen bygger på «Gisela von Arnim» frå , den 9. mai 2016. Delar av denne artikkelen bygger på «Gisela von Arnim» frå , den 9. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kurzbiographie und Werke ved Projekt Gutenberg (tysk)
Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Eventyrforfattarar Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar