«Afterglow» er ein song av Tina Turner, skriven og produsert av Terry Britten og Graham Lyle. Han kom ut i 1986 på albumet Break Every Rule med Steve Winwood på klaverinstrument. Songen var den åttande og siste songen på albumet som vart gjeven ut som singel, men berre i USA. Han nådde ikkje den amerikanske Hot 100-lista, men nådde femteplassen på den amerikanske danselista og 20. plassen på Maxi Single Sales-lista. Ein musikkvideo for songen vart filma som ein del av TV-programmet Break Every Rule i 1986, der han var opningsnummeret. Han syner Turner som framfører songen i garderoben ved klubben Le Zero i Paris, medan ho gjer seg klar til å gå på scenen.

Versjonar og miksar Albumversjonen – 4:39 Vocal Dance Mix – 7:10 Glowing Dub – 6:14 Tina's House Mix – 8:37 Tinapella – 4:41

Lister Liste (1987) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Afterglow (Tina Turner song)» frå , den 13. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Songar skrivne av Graham Lyle Kategori:Songar skrivne av Terry Britten