Christopher Sean «Chris» Lowe () er ein engelsk musikar som i lag med Neil Tennant utgjer popduoen Pet Shop Boys.
Sjølv om Lowe ikkje har vore involvert i mange soloprosjekt, skreiv han og produserte i 1993 songen «Do the Right Thing» for fotballspelaren Ian Wright (Lowe er stor Arsenal F.C.-fan). I 2004 skreiv Lowe musikk for ein reklamekampanje for solkremen Blockhead. Songen enda opp i ei remiksa form på ei chill-out-samling kalla Café Mambo.
I 1995 dukka han opp som seg sjølv i den australske såpeoperaen Neighbours.
Etter Pet Shop Boys byrja å halde faste konsertar, vart Lowe kjend for å stå heilt stille medan han spelte klaverinstrument på scenen. I 1995 skreiv The Guardian at han var «kanskje meir kjend enn nokon andre i popindustrien for å gjere nesten ingenting».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chris Lowe» frå , den 16. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell Pet Shop Boys-side Chris Lowe-diskografi på Discogs
Kategori:Britiske discomusikarar Kategori:Engelske dansemusikarar Kategori:Engelske elektroniske musikarar Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske popmusikarar Kategori:Britiske synthpop-musikarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Folk frå Blackpool Kategori:Pet Shop Boys-medlemmar