«GoldenEye» er ein song framført av Tina Turner, og kjenningsmelodi til James Bond-filmen frå 1995, GoldenEye. Songen vart skriven spesifikt for Turner av Bono og the Edge frå U2, då dei fekk vite at ho hadde blitt invitert til å syngje songen til den komande Bond-filmen. Songen vart produsert og miksa av den britiske produsenten Nellee Hooper, mest kjend for arbeidet sitt med Massive Attack, Madonna, U2 og Björk. Songen nådde tiandeplassen på UK Singles Chart og topp 5 i mange land i Europa.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records LimitedMI6: GoldenEye (1995): James Bond 007 mi6.hq.com. Henta 116. mai 2016
«GoldenEye» vart først gjeven ut på filmmusikkalbumet og året etter på albumet til Turner, Wildest Dreams. Songen har sidan blitt spelt inn av Nicole Scherzinger i 2010 for videospelet GoldenEye 007.GoldenEye 007 Video Game: Behind the Music with Nicole Scherzinger HD Game Trailers.com. Henta 116. mai 2016
Versjonar og remiksar Filmversjonen/Wildest Dreams albumversjon (USA) – 4:43 Single edit/Wildest Dreams albumversjon (Europa) – 3:31 A/C Mix – 4:02 Urban A/C Mix by Dave Hall – 4:58 Club Edit by David Morales – 4:02 Morales Club Mix – 10:00 Morales 007 Dub – 9:37 Morales Dub of Bond – 5:36 Video edit – 3:20
Samplingar og andre versjonar I 1999 sampla den franske rapperen Kohndo delar av instrumentalen for songen «Survivre». I 2008 sampla Lil Mass, ein annan fransk rapper, songen i sin eigen «Beatdown». Songen er nytta i ein episode av MTV-serien Human Giant og igjen i filmen Beatdown i 2010. Den amerikanske songaren Nicole Scherzinger, songar i Pussycat Dolls, spelte inn songen i 2010 for videospelet Goldeneye 007. Songen vart spelt i innleiinga til spelet. Det finske rockebandet End of You spelte inn songen i 2008 på albumet Mimesis.
Lister
Vekeslister Liste (1995) PlasseringAustralia (ARIA) 63scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" Europa (European Hot 100 Singles) 3scope="row" scope="row" Tyskland (GfK Entertainment) 8scope="row" Italia (Hit Parade Italia) 6scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row" scope="row"
Årslister Liste (1995) PlasseringBelgia (Ultratop 50 Wallonia) 98Italia (Hit Parade Italia) 31Nederland (Dutch Top 40) 120Noreg Christmas Period (VG-lista) 14Sverige (Sverigetopplistan) 54 Liste (1996) PlasseringBelgia (Ultratop 50 Flandern) 86Belgia (Ultratop 50 Wallonia) 52Canada Adult Contemporary (RPM) 58Europa (European Hot 100 Singles) 25Frankrike (SNEP) 66Tyskland (Official German Charts) 73Nederland (Dutch Top 40) 155Sveits (Schweizer Hitparade) 36
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «GoldenEye (song)» frå , den 17. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå James Bond-filmar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Kjenningsmelodiar Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Songar skrivne av Bono Kategori:Songar skrivne av The Edge Kategori:Songar produserte av Nellee Hooper