James Alan Ball () var ein engelsk fotballspelar, fødd i Farnworth i Lancashire, som vart verdsmeister med England under fotball-VM 1966.

Karriere Klubbspel Midtbanespelaren Ball spelte for Blackpool FC frå 1962 til -66. Straks etter fotball-VM 1966 vart han overført til Everton FC og vart seriemeister med klubben i 1970. I desember 1971 vart han overført til London-laget Arsenal for rekordhøge 220 000 pund. Sommaren 1976 gjekk turen til Southampton FC, ein klubb spelte for til 1983, med fleire avbrot til spel i Nord-Amerika.

Landslagsspel Ball fekk sin landslagsdebut borte mot Jugoslavia i mai 1965. Løpssterke Ball deltok i fyrste rekke då England i 1966 vann fotball-VM på eigen grunn, han var pasningsleggjar då Geoff Hurst gav England leiinga 3-2 under VM-finalen på Wembley stadion i London. Han var også med i fotball-VM 1970 i Mexico. Fram til 1975 spelte Ball 72 landskampar og skåra åtte mål.

Merittar Verdsmeister: 1996 for England Engelsk ligameister: 1970 med Everton FC

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Alan Ball, Jr.» frå , den 23. mai 2016.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Order of the British Empire