Al-Awamia eller Awamia (arabisk العوامية al-ʿAwāmiyyah) er ein landsby i Al-Qatif-regionen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. I 2009 hadde han eit folketal på kring 25 500 innbyggjarar. Al-Awamia grensar til Al-Ramis-gardane i aust og nokre andre gardar i vest og sør. I nord ligg grensa mellom Al-Awamiyah og nabolag i Safwa by, slik at denne byen ikkje kan veks meir i denne retninga. På grunn av avgrensa land, flytter derfor folk ut av byen og buset seg i andre nabolag, som Al-Nasera.:ar:العوامية
Geografi Byen er gammal og ligg ved Persiabukta i nordenden av oasen Al-Qatif. Han ligg kring 2,1 km sør for Safwa by og kring 1 km nord for Al-Quddaih.
Byen ligg i eit mangroveområde.
Eit av nabolaga i Al-Zara brukte å vere ein historisk by og hovudstaden i den historiske provinsen Bahrain sidan tidleg islamsk tid.http://alrames.net/?act=artc&id=873
Historie Trass i forbod mot offentlege demonstrasjonar i Saudi-Arabia, fann det stad eit tog til støtte for Hizbollah 29. juli 2006 i Al-Awamia (og Al Qatif). Dei demonstrerte mot militærkonflikten til Israel mot Libanon og bad om våpenkvile. Nye demonstrasjonar fann stad 3. august same året og 28. april 2009.
I mars 2009 vart minst fire menneske, inkludert eit barn, arresterte for å ha teke del i samlingar som vart organiserte for å demonstrere mot arrestasjonen av sjeik Nimr Baqir al-Nimr, ein viktig sjia-prest og imam i ein moské i Al-Awamia. Han hadde kritisert åtak mot sjiamuslimar som reiste til grava til Muhammed.
Den 21. november 2011 støytte maskerte anti-Al Saud-militante og tryggingsstyrkar saman i byen, noko som resulterte i at tryggingsstyrkane flykta frå landsbyen og dei militante fekk hand om eit pansra køyretøy frå opprørspolitiet.
Økonomi
Hovudnæringa i Al-Awamia er hovudsakleg knytt til petroleumsproduksjon og jordbruk.
Jordbruk Byen er særleg kjend for tomatane sine, kalla ramsi-tomatar etter området dei veks i, Al Ramis
Olje Oljerøyrleidningar går kring landsbyen på vest- og nordsida, i tillegg til at her ligg fleire oljebrunnar. Somme av dei er gamle og andre nybora i samband med Qatif-prosjektet. Over to millionar fat olje passerer gjennom landsbyen kvar dag på veg til terminalen og raffineriet i Ras Tanura.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al-Awamia» frå , den 25. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Al-Awamiyah på nett Bilete frå Awam
Kategori:Busetnader i Austprovinsen i Saudi-Arabia