Kamaran (arabisk كمران Kamarān) er den største Jemen-kontrollerte øya i Raudehavet. Ho er 108 km² stor, 18 km lang og 7 km brei, og ligg strategisk til i sørenden av Raudehavet. Andre kjelder gjev andre tal som 181, 130 og 57 km². Dette bilete frå perioden under britane gjev talet 207 km². Øya ligg i det grunne farvatnet på kontinentalsokkelen til Den arabiske halvøya med korallrev på tre sider av øya. Innbyggjartalet er 2 200.Farlex Encyclopedia
Kamaran er generelt flat, med nokre få åsar i sør. Det høgaste punktet er Jabal Yaman (24 moh), og ligg kring tre kilometer frå Ra's al Yaman, det søraustlege neset på øya. Furah, Makram og Sayfaf er busetnader på Kamaran.
Historie
Kamaran hadde vore busett i fleire hundreår då portugisarane oppretta ein utpost der på 1500-talet. Øya kom under Det osmanske riket på 1800-talet og vart nytta som ein karantenestasjon for pilegrimar som skulle utføre hajj i den osmansk-kontrollerte, muslimske heilage byen Mekka.
I juni 1915, under fyrste verdskrigen, tok Idrisi-hæren øya og gav ho til den britiske provinsen Aden som eit forhandlingsverktøy. Aden fortsette å styre øya, men ho vart ikkje formelt annektert. Under Lausannetraktaten i 1923, der Det osmanske riket vart delt opp, mista osmanarane retten til øya og britane fortsette å okkupere øya trass protestar frå Jemen og styrte det frå kolonien Aden. I 1949 erklærte Storbritannia formelt at gurvernøren av Aden var guvernør på Kamaran, men ho vart ikkje ein del av kolonien.The Kamaran Order in Council, 1949 (SI 1949/137)
Den 30. november 1967 kom Kamaran inn under Den demokratiske folkerepublikken Jemen (Sør-Jemen) då dei fekk sjølvstendet sitt frå Storbritannia, men vart erobra av nabolandet Den arabiske republikken Jemen (Nord-Jemen) i 1972 Daniel McLaughlin, Jemen: The Bradt Travel Guide (2007) pp.162-3. ISBN 1-84162-212-5 og vart ein del av det samla Jemen i 1990.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kamaran» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene: WorldStatesmen- Jemen Kamaran Island page Biletgalleri Nigel Groom. Island of two moons: Kamaran 1954. at The British-Yemeni Society Small Islands in the Near East
Kategori:Øyar i Raudehavet Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Al Hudaydah guvernement