Clyde William Tombaugh () var ein amerikansk astronom, fødd i Illinois og oppvaksen der og i Kansas. Han er mest kjend for å ha oppdaga dvergplaneten Pluto i 1930, som den første lekamen i det som seinare vart rekna som Kuiperbeltet, men oppdaga òg mange asteoidar. Han ønskte òg seriøs vitskapleg forsking på uidentifiserte flygande objekt, eller UFO+ar.

Han var professor ved New Mexico State University frå 1955. Oppdaginga av Pluto gjorde han medan han var assistent på Lowell-observatoriet. I tillegg Pluto og mange asteroidar, har han oppdaga fleire stjernehopar, variable stjerner og galaksehopar. Han gjorde òg studioar av geologien på Mars og månen. Saman med P. Moore skreiv han ei bok om Pluto og oppdaginga av planeten, Out of the Darkness (1980).

Asteroiden 1604 Tombaugh, som vart oppdaga i 1931, er kalla opp etter han. Ein liten bit av oska etter Tombaugh vart plassert ombord på New Horizons-romsonden som vitja Pluto i 2015.

Asteroidar oppdaga av Tombaugh mini|250px|Tombaugh brukte dette blinkapparatet for å samanlikne dei fotografiske platene. Tombaugh oppdaga totalt 14 asteroidar under søket etter Pluto og oppfølgjingssøket etter den foreslåtte «Planet X».

+ Asteroidar oppdaga av Tombaugh Namn Oppdagingsdato 2839 Annette 5. oktober 1929 2941 Alden 24. desember 1930 3310 Patsy 9. oktober 1931 3583 Burdett 5. oktober 1929 3754 Kathleen 16. mars 1931 3775 Ellenbeth 6. oktober 1931 3824 Brendalee 5. oktober 1929 4510 Shawna 13. desember 1930 4755 Nicky 6. oktober 1931 7150 McKellar 26. oktober 1929 (6618) 1936 SO 16. september 1936 (7101) 1930 UX 17. oktober 1930 (7150) 1929 TD1 11. oktober 1929 (8778) 1931 TD3 10. oktober 1931

Kjelder

Bakgrunnsstoff Mange biografiske artiklar om Clyde Tombaugh

Kategori:Folk frå Illinois Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Elevar ved University of Kansas Kategori:Elevar ved Northern Arizona University Kategori:Tilsette ved New Mexico State University Kategori:Asteroideoppdagarar Kategori:Oppdagarar av transneptunske himmellekamar Kategori:Pluto