Ma'rib (arabisk مأرب) eller Marib er ein by og administrasjonssenter i Ma'rib guvernement i Jemen. Han var hovudstaden i det sabaeiske kongedømet, som somme forskarar meiner er Sjeba som er nemnt i Bibelen.<ref name=Sheba-01></ref> Han ligg kring 120 kilometer aust for hovudstaden i Jemen, Sana. Byen hadde i 2005 16 794 innbyggjarar. I 2011 vart Ma'rib omtalt som «Al Qaida-hovudstaden i Jemen».

Historie Det sabaeiske kongedømet låg der som Marib i dag ligg, nord i Jemen. Kongane hadde hovudsetet sitt i Ma'rib og bygde flotte vatningsanlegg, som Ma'rib-dammane, som det er synlege ruinar av i dag. Marib-dammen gav vatn til ein blømande kultur i meir enn tusen år, men kollapsa i 575 evt., før Muhammed og kan vere ei av årsakene til Arabia ikkje vart kristna.Christianity, s.245 Dei bygde òg borger og tempel i området, og var kjende for å handle med verdifull røykjelse og myrra.Age of Faith, s. 156 Dei var eit sjøfarande folk og påverka folket i det nordaustafrikanske kongedømet Dʿmt, på andre sida av Raudehavet i Eritrea og Etiopia, den einaste andre kjende til både røykjelse og myrra.

I 25 fvt, leia Aelius Gallus «ein ekspedisjon til Ma'rib (Jemen).»Chris Scarre, The Penguin Historical Atlas of Ancient Rome (London: Penguin Books, 1995), 9. (also Augustus' Res Getae 26)

Det gamle Ma'rib var i stor grad fråflytta på 1900-talet. Sjølv om ein liten landsby var att, låg dei fleire etasjar høge leirsteinsbygningane i den historiske byen i ruinar. Den moderne byen Ma'rib ligg kring 3,5 km nord for sentrum av den gamle byen.

Oljeraffineri Jemen Oil Refining Company opna eit oljeraffineri i Ma'rib i 1986, som produserer 10 000 fat olje kvar dag (2009). I november 2009 annonserte selskapet ein avtale med det koreanske Shinhan om å utvide og oppgradere raffineri til å produsere 25 000 fat per dag.

Ma'rib er starten på den 438 km lange Marib-Ra's Isa-oljerøyrleidninga, med ein kapasitet på 200 000 fat olje kvar dag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ma'rib» frå , den 30. mai 2016. oppgav desse kjeldene: Durant, Will (1950). The Age of Faith: A History of Medieval Civilization—Christian, islamic, and Judaic—from Constantine to Dante: evt. 325-1300, The Story of Civilization, volume IV. Simon and Schuster. Korotayev, Andrey (1994). Apologia for «The Sabaean Cultural-Political Area» // Bulletin of the School of Oriental and Afrikan Studies 57: 469-474. MacCulloch, Diarmaid (2009). Christianity: the First Three Thousand Years, Viking Penguin.

Bakgrunnsstoff Tysk arkeologisk institutt (på tysk) World66

Kategori:Busetnader i Ma'rib guvernement Kategori:Arkeologiske stader i Jemen Kategori:Distrikt i Jemen