Al Hazm eller Al-Hazm er den største byen i Al Jawf guvernement og Al Hazm-distriktet i Jemen. Han ligg nordvest for byen Ma'rib og sørvest for Sa'dah. Seint i 1980-åra vart det bygd ein motorveg gjennom Al Hazm, mot Baraqish og Ma'in sør for Ma'rib. Byen vert tent av Al Hazm lufthamn. Det har vore nemnt i fleire publikasjonar at Al Hazm er knytt til Al Qaida.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Hazm, Yemen» frå , den 30. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Al Jawf guvernement