Sena (stundom skrive Senna, Sanaw eller Sanāw) er ein fråflytta oldtidsby i Jemen som ligg i den avsidesliggande austlege Hadramautdalen.
Oversyn Sena var ein blømande jødisk by i tida kring Babylonia kring 500 fvt., og ein trur at han var dominert av israelittar som hadde flykta frå Jerusalem under den babylonske invasjonen. Dei kryssa Jordan og inn i Jemen, der dei trudde dei var trygge i dalen i aust, på andre sida av Masilahelva. I følgje hydrologar var det berre mogeleg med jordbruk i den tørre dalen om ein hadde ein dam. Då dammen brast måtte innbyggjarane flytta.
Den britiske antropologen Tudor Parfitt, som spesialiserte seg på jødiske studiar, meinte at Paktarka vart halden i byen ei stund før han vart flytta til Afrika, der israelittane som drog frå Sena slo seg ned langs Limpopo-elva i Zimbabwe. Byen Sena er ofte nemnt i historia til Lemba-stamma; som ein i nyare genetiske studiar har funne ut er etterkomarar etter israelittane.
I dag er den fråflytta byen berre busett fem dagar i året av pilegrimar, og området er underlagt den jemenittiske hæren.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sena, Yemen» frå , den 31. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Oldtidsbyar i Midtausten Kategori:Busetnader i Hadhramaut guvernement Kategori:Tidlegare busetnader i Jemen Kategori:Historiske jødiske samfunn Kategori:Jødar og jødedom i Jemen