__NOTOC__
mini|Blanda flokk av snøgås og eskimogås. Fugleslekta Chen er ei lita gruppe av gjæser som er sameinte i ei slekt innanfor andefamilien. Dei hekkar i subarktiske område av Nord-Amerika og rundt Beringsundet, migrerer sørover om vinteren.
Mange autoritetar plasserer desse artane inn i slekta Anser, grå gjæser. Faktisk finst det ikkje anatomiske skilnader mellom slektene. Men ytre morfologi, biogeografi, og molekylære data tyder på at Chen-gjæsene faktisk gjer ut for ei evolusjonær utvikling ulik frå Anser, skilt ut frå dei ganske nyleg, og i hovudsak erstatta dei i Nord-Amerika. Den amerikanske ornitologsamskipnaden, AOU, aksepterer denne slekta som sjølvstendig; dei fleste andre autoritetar ser i dag på dette som ei undergruppe av Anser.
Nett som Anser, men i motsetnad til Branta-gjæser, har føter og bein raudlege fargetonar. Nebbet er òg raudleg på desse fuglane, som dei fleste i Anser. Vaksne hannar av eskimogjæser er unnataket, med sin blåsvarte, korna 'ceres'. Vengspissane er svarte, som hos alle verklege gjæser, medan hovudet er alltid er kvitt utan noko mønstre hos vaksne fuglar av denne slekta. Resten av fjørdrakta er anten kvit over det heile, eller farga i ulike mørke blågrå fargetonar.
Snøgås, og i ei viss grad eskimogås, har to morfar, ei kvit og ei blågrå form.Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Snow Goose (Anser caerulescens). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52817 on 31 May 2016). Gjæser av den kvite morfen av begge artane kan skiljast frå tamgjæser med sine meir slanke, elegante halsar. Tamgjæser har tjukkare halsar, og desse har òg ein generelt tyngre tettbygd kropp og manglar ofte dei svarte vengspissane.
Artslista Chen i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Keisargås, Chen canagica, Emperor Goose, NT, Sevastianov, 1802 Snøgås, Chen caerulescens, Snow Goose, LC, Linné, 1758 Eskimogås, Chen rossii, Ross's Goose, LC, Cassin, 1861
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chen (genus)» frå , den 31. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
kategori:andefamilien