Umm al Samim (arabisk أم السّميم, òg kalla Umm as Samim) er eit kvikksandområde heilt aust i Rub' al Khali-ørkenen i Oman. Vatn vert drenert inn eit lukka nedslagsfelt ved dei omanske fjella og dannar eit marskland med ei skorpe som verkar fast, men som er særs farleg om ein går gjennom. Det er lite vegetasjon i området.

Britiske sir Wilfred Thesiger var den første europearen som vitja området seint i 1940-åra, etter reisa hans frå Salalah i Oman.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Umm al Samim» frå , den 3. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Omansk geografi