Jabal Ḥafeeṫ (arabisk جبل حفيت) er eit fjell som ligg ved Al Ain i emiratet Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.Brian McMorrow, JabalHafeet. Delar av fjellet kryssar over grensa til Oman, medan toppen ligg på den emiratarabiske sida. Fjellet har ei høgd på 1249 meter over havet og gjev flott utsyn over byen. Jebel Hafeet har vore eit kjent landemerke gjennom historia og er i dag eit turistmål. Det går ei stor grotte gjennom Jabal Hafeet. mini|venstre|Toppen av Jebel Ḥafeeṫ om kvelden. mini|venstre|Vegen opp til toppen av Ḥafeeṫ.

Ved foten av Jabal Ḥafeeṫ ligg Green Mubazarrah, eit velutvikla turistmål. Ved Green Mubazarrah spring varmt vatn ut frå små bekkar og dannar eit vatn. Symjebasseng og boblebad ligg spreidd over heile Green Mubazarrah.

Ein finn mange dyr i Jabal Ḥafeeṫ som flaggermus, revar og slangar.

Fjellet vert stundom feilaktig omtalt som det høgaste fjellet i Emiratane, men dette er Jabal Jais, som er 1 910 moh. i Ras Al Khaimah.

Ḥafeeṫ-vegen Fjellvegen opp til toppen av fjellet strekkjer seg over 11,7 km og stig 1 219 meter. Vegen har 60 svingar og tre spor (to opp, og eitt ned). Vegen vart bygd av Strabag International frå Köln i Tyskland. På toppen av fjellet står ein radarstasjon, eit Mercure-Hotel.,Mercure Grand Jebel Hafeet Al Ain, Mercure Hotels. og eit slott.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jebel Hafeet» frå , den 3. juni 2016. oppgav desse kjeldene: Jebel Hafeet Abu Dhabi

Bakgrunnsstoff Jebel Hafeet Mountain Road on Google Maps

Hafeet, Jebel Kategori:Geografi i Al Ain Kategori:Turistmål i Al Ain Kategori:Fjell i Oman Kategori:Grotter i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Den emiratarabisk-omanske grensa Kategori:Internasjonale fjell i Asia