Guvernement er ei undernasjonal forvatlingseining leia av ein guvernør. Det kan samanliknast med norske fylke, men ofte med ein høgare grad av lokalt sjølvstyre.
I dag vert guvernementa oftast nytta som omsetjing av arabiske muhafazah, og sjeldnare wilayah, men ordet kjem opphavleg frå russisk gubernija, og vart brukt om dei administrative hovuddistrikta i Det russiske keisardømet.
I arabiske land
I mange arabiske land er eit guvernement (arabisk مُحافَظَة , muḥāfaẓah, fleirtal muḥāfaẓāt) ei forvaltingseining direkte under staten (omtrent som fylke).
Guvernement i Bahrain Guvernement i Egypt Guvernement i Irak Guvernement i Jordan Guvernement i Kuwait Guvernement i Libanon Guvernement i Syria Guvernement i Palestina Guvernement i Tunisia Guvernement i Jemen Guvernement i Oman I Irak er ofte guvernementa omsett til provinser, i motsetnad til det som er vanleg i andre arabiske land.
I Det russiske keisardømet I Det russiske keisardømet var omgrepet guvernement (russisk: губе́рния gubernija, «leia av ein guvernør») brukt. Etter den russiske revolusjon vart desse erstatta med oblast.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guvernement» frå , den 3. juni 2016.
Kategori:Undernasjonale område