Ibra er den nest største byen i Ash Sharqiyah Nord guvernement i Oman. Han ligg kring 170 km frå Muscat og har kring innbyggjarar.

Ibra er ein av dei eldste byane i Oman og var ein gong eit senter for handel, religion, utdanning og kunst. Ibra er heimstaden til den store Al-Harthy-stamma, ei av dei største og mektigaste stammene i Oman.

Historie venstre|mini Ibra vart grunnlagd i før-islamsk tid og har mange borger og gamle moskear.

Ibra har blitt ein meir moderne by sidan 1970 under regjeringstida til sultan Qaboos.

Geografi og klima Ibra er omgjeven av fjell på begge sider. Frå november til mars er klimaet relativt kjølig med temperaturar ned mot 10 ºC i desember. Om sommaren er klimaet heitt og tørt, med temperaturar opp mot 50 ºC i juli. Det kjem lite nedbør og det vesle som kjem er om vinteren.

Turistmål

Hovudattraksjonane i byen er dei mange vakre vakttårna, ein tradisjonell marknad og undergrunnnskanalen Falaj Al-Afrit.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ibra» frå , den 5. juni 2016 og 1. januar 2021.

Kategori:Busetnader i Ash Sharqiyah Nord guvernement