Bu Tinah (arabisk بوطينة, Būṭīnah) er ei lita øygruppe mellom store korallformasjonar og sjøgrasbotn kring 25 km sør for Zirku og 35 nord for Marawah i Dei sameinte arabiske emirata. UAE Interact site Dei ligg i farvatnet utafor Abu Dhabi og er verna som eit privat naturreservat. Bu Tinah-øya har eit rikt biologisk mangfald og ligg i Marawah marine biosfærereservat som dekkjer eit område på meir enn 4 000 km². Biosfærereservatet er det første og største som er innskrive på lista til UNESCO. Det har vore ein UNESCO-stad sidan 2001.Bu Tinah Abu Dhabi: TimeOut Bahrain Området er stengd for folk, fiske og samling av skjelpaddeegg, og området vert overvaka av patruljar.

Bu Tinah er i røynda ei gruppe av holmar og grunner, som nesten vert ei enkel øy ved lågvatn. Hovudøya har ein grunn laguneopning i sør der ein finn noko mangroveskog. Fuglar som sokotraskarv lever her. Det finst òg friske korallrev her med så mange som 16 korallartar. Revet veks i tilhøve som ville teke livet av korallartar i andre delar av verda. Farvatnet i Persiabukta er av det saltaste i verda, i tillegg til å vera blant dei varmaste. Korallane lever normalt i vatn mellom 23 °C og 28 °C, men utafor Emiratkysten er temperaturane så høge som 35 °C om sommaren.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bu Tinah» frå , den 6. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Butinah.ae - official Bu Tinah website by Environment Agency of Abu Dhabi Visitabudabi.ae - general info about Bu Tinah Shoals

Kategori:Øygrupper i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Biosfærereservat i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Mangrover Kategori:Korallrev Kategori:Naturreservat i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Lagunar i Dei sameinte arabiske emirata