Frognerparken er ein offentleg park som ligg på Frogner i Oslo. Han var ein del av herregarden Frogner Hovedgård som har gjeve namn til bydelen Frogner. I Frognerparken ligg sjølve herregardsbygnadene i sør, der Oslo bymuseum held til. Skulpturanlegget Vigelandsanlegget laga av Gustav Vigeland på 1920-40-talet ligg i midten av parken. I parken ligg òg Frognerbadet og Frogner stadion. Frognerparken er ein av dei mest vitja turiststadene i Oslo.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bydel Frogner Kategori:Parkar i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo