Krattbjørnebær (Rubus langei) er ein fleirårig art i bjørnebærgruppa i rosefamilien. Planten dannar ein busk som har årsskot med skarpe kantar, kraftige tornar og femkopla blad. Blomane er lyseraude og fruktsamlinga er svartraud.
Arten er funnen i Danmark, England, Luxembourg, Nederland, Noreg og Tyskland. I Noreg er krattbjørnebær berre funne i Aust-Agder, og er raudlista som sårbar i Noreg.
Synonym for det vitskaplege namnet er Rubus villicaulis subsp. rectangulatus Focke, Rubus rectangulatus (Focke) Utsch, non Braeucker 1882 og Rubus villicaulis subsp. langei (Frid. & Gelert) Focke
Kjelder
Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Bjørnebærslekta