«Nevermore» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av frontmannen Freddie Mercury, og er det åttande sporet på det andre studioalbumet deira, Queen II, spelt inn i august 1973 i Trident Studios i London.

Songen er ein kort pianoballade om kjenslene etter ei hjartesorg.

Den førre songen «The Fairy Feller's Master-Stroke» endar med ein tredelt harmonivokal frå Mercury, Brian May og Roger Taylor som flyt inn i pianoet til Mercury på «Nevermore». «Nevermore» vert leia av Mercury på piano, og han gjorde stort sett solo- og korvokalen sjølv. Mercury la òg på nokre moderne ring-effektar på pianoet. Ein trudde desse effektane var synthesiserar, men dei vart skapt av å klimpre på pianostrengane medan Mercury spelte notane. Songen inneheld nokre brå tempoendringar, som dukkar opp nokre gonger i songen. Somme tilhengjarar reknar denne songen som ein føregangar for den seinare songen «Love of My Life» på albumet A Night at the Opera.

Teksten er inspirert av diktet «The Raven» av den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe.

Andre versjonar Concrete Blonde Johnette Napolitano Akiko Yano har framført songen på konsertar nokre gonger. Midge Ure - «10» (2008)

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - korvokal Roger Taylor - korvokal John Deacon - bassgitar

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Softrocksongar Kategori:Kunstrock-songar Kategori:Midge Ure-songar