«Now I'm Here» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det er den sjette songen på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, han vart skriven av gitaristen Brian May, medan han var på sjukehus med hepatitt. Songen er kjend for dei harde riffa og vokalharmoniane. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen då han kom ut i 1975.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited Songen vart ein populær konsertlåt, og vart spelt på så godt som alle konsertane deira frå seint 1974 til 1986.Queen on tour Queen Concerts. Henta 10. juli 2011

Detaljar Songen omhandlar dei gode minnene til May frå den amerikanske turneen til bandet, då dei var oppvarmingsband for Mott the Hoople, tidlegare i 1974. Mott the Hoople er nemnt spesifikt i teksten, Down in the city, just Hoople and me.

Songen vart gjeven ut i 1981 på samlealbumet Greatest Hits, og i 1997 på Queen Rocks.Queen Rocks, Vol. 1 Allmusic. Henta 10. juli 2011 I mars 2005 sette magasinet Q «Now I'm Here» på 33. plassen på lista si over dei 100 beste gitarlåtane.Tracks 100 Greatest Gitar Tracks Ever! magasinet Q. Henta 10. juli 2011

Konsertversjonar «Now I'm Here» var fast på setlista til Queen og vart spelt på alle konsertane frå 1974 til den siste turneen deira i 1986. Han vart først framført på Sheer Heart Attack-turneen i Manchester den 30. oktober 1974. Songen var første gongen der QUeen nytta delay på vokalen til Mercury.

Under Sheer Heart Attack-turneen, song Mercury linja «Now I'm here» på den eine sida av scenen i mørkret og tørris, og nokre få takter seinare, song han igjen «Now I'm there», men då på andre sida av scnene, ein illusjon skapt av ein identisk kledd scenearbeidar.

Brian May fortsette å spele songen som soloartist etter at Mercury døydde i 1991. Han vart nytta som opningslåt under Queen + Adam Lambert Tour 2014–2015.

Lister Land Plassering Veker på lista Tyskland 25 6 Japan 87 7 Nederland 32 3 Storbritannia 11 7

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, hammondorgel Brian May - elektrisk gitar, piano, korvokal Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar

Konsertopptak Live Killers (1979) Concerts for the People of Kampuchea (1979) (innspelt på julekonserten deira i Hammersmith Odeon i London) Queen Rock Montreal (1981) Queen on Fire - Live at the Bowl (1982) Live at Wembley '86 / Live at Wembley Stadium (1986) Hungarian Rhapsody: Queen Live in Budapest ’86 (1986) The Freddie Mercury Tribute Concert (1992) (med Def Leppard og Brian May) Live at the Brixton Academy (Brian May-album) (1993) Live at the Rainbow '74 (2014)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Now I'm Here» frå , den 10. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell YouTube-video: original musikkvideo, Live at the Bowl (and reprise), Live at the Bowl: «Dragon Attack"/"Now I'm Here» (reprise) Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:Songar om New York Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1974