mini|Miniatyrfigur i sølv frå rundt 900 som truleg viser Odin på trona Lidskjalv med ulvene Gjere og Freke og ramnane Hugin og Munin. Funnen ved Lejre i Danmark i 2009, utstilt i Roskilde Museum. Lidskjalv (norrønt Hliðskjálf) er høgsetet til Odin i norrøn mytologi. Det står i borga hans Valaskjalv i Åsgard. Frå setet ser Odin ut over heile verda, og veit kva kvart menneske gjer. Lidskjalv er omtalt i Den yngre Edda (Gylvaginning), og er også nemnd i dei eldre eddadikta Grimnesmål, der Odin og Frigg sit i høgsetet, og Skirnesmål, der Frøy lurer seg til å sitja der og ser jotunkvinna Gjerd.

Snorre Sturlason skriv i Edda: «Þar er einn staðr, er Hliðskjálf heitir, ok þá er Óðinn settist þar í hásæti, þá sá hann of alla heima ok hvers manns athæfi ok vissi alla hluti þá er hann sá.» Omsett: «Det er ein stad som heiter Lidskjalv; og når Odin sette seg i høgsetet der, då såg han ut over alle heimsbolkar, såg kva kvar mann tok seg føre, og mintes sidan alt han såg.»Snorre Sturlason, Den yngre Edda (til nynorsk ved Erik Eggen), Samlaget (1984), s. 27

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lidskjalv» frå , den 12. juni 2016.

Bakgrunnsstoff Store norske leksikon, Lidskjalv Heimskringla.no, Gylvaginning

Kategori:Norrøn mytologi Kategori:Odin Kategori:Sete