Holmes eller 17P/Holmes er ein komet som var synleg for det nakne auga 24. oktober 2007, då han hadde utbrot, den mest lyssterke det tiåret. To dagar tidlegare var kometen 40 000 gonger svakare enn dei svakaste stjernene som ein kan sjå med det nakne auga. 1. november, då han var på det største, var han sju gonger meir lyssterk enn Jupiter. Sjølve kometkjernen vart rekna å vere kring 3,4 km i diameter. Avstanden til jorda var ca. 200 millionar km, det vil sei, 1,5 gonger avstanden mellom jorda og sola.
Kometen Holmes er ein såkalla periodisk komet. Han har ein bane som fører han inn i solsystemet med jamne mellomrom, med ein periode på knapt sju år. venstre|Kometen 17P/Holmes, 2. november 2007|mini
Holmes hadde ingen klassisk komethale. Den første veka etter utbrotet hadde han rettnok utvikla ein diffus hale ein kunne observerte i infraraudt lys, og var avbilda på fotoopptak med lang eksponeringstid. Men denne halen hadde ikkje rett retning, det vil sei bort frå sola. Den 8. november falt halen av.
Kometen Holmes vart oppdaga 6. november 1892 av briten Edwin Holmes i London, og kometen er namnsett etter han.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
17P på Cometary Science Central
Kategori:Kometar Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1892 Kategori:Vitskap i 2007 Kategori:Periodiske kometar