Gordon Banks () var ein engelsk fotballspelar frå Sheffield som spelte 73 landskampar for England i tida 1963-72 og vakta målet då England vann VM i fotball 1966 på heimebane. Han spelte på Chesterfield FC 1958/59, Leicester City 1959-67 og Stoke City 1967-72. Banks vann ligacupen 1964 med Leicester og 1972 med Stoke. Han la opp i oktober 1972, etter han miste synet på eit auge i ei trafikkulukke.

Banks vart rekna som den beste fotballmålvakta i verda i siste halvparten av 1960-åra. Ei redning av ei heading frå den brasilianske spelaren Pele under VM i fotball 1970 har nærast fått ein ikonisk status.

Merittar Verdsmeister: 1966 for England Vinnar av ligacupen: 1972 med Stoke City Finalist i FA-cupen: 1961 og 1963 med Leicester City Finalist i ligacupen: 1964 med Leicester City Britisk meister: 1975, 1966, 1968, 1969, 1971 og 1972 for England

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gordon Banks» frå , den 18. juni 2016.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1968 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1970 Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Sheffield