mini|Lovell Telescope ved Jodrell Bank Observatory er 76 meter stort. Jodrell Bank Observatory (opphavleg Jodrell Bank Experimental Station, så Nuffield Radio Astronomi Laboratories frå 1966 til 1999) er eit britisk observatorium med fleire radioteleskop. Det er ein del av Jodrell Bank Centre for Astrophysics ved University of Manchester. Observatoriet vart grunnlagd i 1945 av sir Bernard Lovell, ein radioastronom ved University of Manchester som ønskte å undersøke kosmisk stråling etter at han hadde arbeidd med radar under andre verdskrigen. Det har sidan spelt ei viktig rolle i forskinga på meteorar, kvasarar, pulsarar, maserar og gravitasjonslinser, og var sterkt involvert i å spore romsonder i starten av romalderen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jodrell Bank Observatory» frå , den 18. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
Jodrell Bank Centre for Astrophysics Jodrell Bank Visitor Centre
Kategori:Radioteleskop Kategori:Astronomiske observatorium i England Kategori:Turistmål i Cheshire Kategori:1945 i Storbritannia Kategori:Botaniske hagar i England Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1945