mini|Venstresida er hovudsakleg opplyst av jorda og stjernene, medan den andre sida er opplyst av sola.

Jordskin er reflektert lys frå jorda. Nokre dagar før og etter nymåne, når fasen er liten, kan ein sjå heile måneskiva i eit svakt grått lys. Årsaka til dette er at jorda reflekterer sollyset (jordskin). Ved nymåne vender jorda heile den opplyste sida si mot månen, slik at lyset då blir sterkast. Ein kan kalle det «fulljord» på månen.

Sjå òg Sollys Månelys Stjernelys

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måneobservasjonar Kategori:jordfenomen Kategori:Lyskjelder