Jacob Modalsli () var ein norsk embetsmann frå Strømm i Vestfold.
Modalsli gjekk ut frå Noregs Landbrukshøgskule i 1936, og var åra 1947-49 generalsekretær i Norges Bondelag. Dei neste tre åra var han sjef for Direktoratet for eksport- og importregulering. I tida 1952 til 1966 var han forsvarsråd, med unnatak for ei kort periode i 1960-61 då han var administrerande direktør i Statens bygge- og eigedomsdirektorat. Frå 1966 til 1981 var han fylkesmann i Østfold.
Modalsli var i 1948 med i den fyrste Budsjettnemnda for jordbruket, der han hadde plass til 1954. Han var formann i Østfold historielag i tida 1968-74.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacob Modalsli» frå , den 21. juni 2016.
Kategori:Fylkesmenn i Østfold Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Svelvik