mini|To klarsiktruter på kommando-brua av ein slepebåt Klarsiktrute (engelsk Kent-screen eller clear view screen) er ei glas-skive som roterer, montert i eit vindauge for å spreia regn, sludd, og snø. Ein Kent-screen er vanlegvis driven av ein elektromotor i midten av skiva, og er oftast oppvarma for å hindra kondens, dogging eller ising.

Klarsiktruten vart opphavleg utvikla på midten av 1930-talet for bilar som eit betre alternativ enn vanlege vindusviskere, men vart snart funne meir høveleg for båtar og større skip.Revolving Disk on Windshield Keeps Off Sleet and Rain, Popular Mechanics, December 1934, s 873 På skip er ein Kent-screen vanlegvis på kommandobrua og roterer med høg fart (~1500 rpm). Klarsiktruter vert òg brukt i lokomotiv og anna jarnbanemateriell.

Ei klarsiktrute vart nytta under filminga av stormsekvensen i filmen Ryan's Daughter.[Shooting the storm sequence through a Clearview screen ,

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Klarsiktrute» frå , den 22. juni 2016.

Referansar

Kategori:Sjøfart Kategori:Skipsterminologi