Oscar Peter Lynum () var ein norsk bilethoggar og treskjerar frå Skogn i Nord-Trøndelag.

Lynum var utdanna treskjerar og dreiv eigen verkstad i Trondheim frå 1916. Han debuterte på Høstutstillinga i Oslo i 1924, og vart etter andre verdskrigen knytt til restaureringsarbeida av Nidaros domkyrkje.

Lynum laga kyrkjekunst spreidd i heile Trøndelag, mellom anna altertavla i Steinkjers gamle kyrkje og eit krusifiks i Bartnes kapell. Han har også laga karyatider på Austråttborga, eit relieff av Martin Kvennavika i Steinkjer, og sju skulpturar på Vestfronten på Nidarosdomen, mellom dei av erkebiskop Øystein Erlendsson og jomfru Maria.

Lynum døydde i Trondheim.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Norske treskjerarar Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Folk frå Trondheim