«Somebody to Love» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av Freddie Mercury. Han vart gjeven ut på albumet A Day at the Races i 1976 og finst òg på samlealbumet Greatest Hits.Queen: Somebody to Love Allmusic. Retrieved 6 July 2011
Songen er noko lik den tidlegare hitten til Queen, «Bohemian Rhapsody», med komplekse harmoniar og gitarsoloar, men i staden for å etterlikne eit engelsk kor, etterlikna dei denne gongen eit gospelkor. Singelen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og 13. plassen på Billboard Hot 100 i USA.Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard BooksRoberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited Songen gjorde det klar for fansen at «Queen kunne swinge like hardt som dei kunne rocke, med å kanalisere anda frå gospelmusikken.»
Songen var skriven av Mercury på piano og er ein sjelegranskande song som stiller spørsmål om Guds rolle i eit liv utan kjærleik. Queen la på lag på lag med vokal og skapte slik eit gospelkor med 100 stemmer, ved hjelp av berre tre: Mercury, Brian May og Roger Taylor. John Deacon song ikkje korvokal på albuma deira. Mercury var inspirert av Aretha Franklin for denne songen.
Queen spelte «Somebody to Love» på konsertar mellom 1977–85, og eit konsertopptak av songen finst på albumet Queen Rock Montreal.Queen Rock Montreal Allmusic. Retrieved 1 September 2011 I tillegg til desse vart songen framført på The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 med George Michael på solovokal.The Freddie Mercury Tribute Concert: Somebody to Love Henta 25. juni 2011
Medverkande Freddie Mercury - solovokal og korvokal, gospelkor, piano Brian May - elektrisk gitar, korvokal, gospelkor Roger Taylor - trommer, korvokal, gospelkor John Deacon - bassgitar
Andre versjonar George Michael framførte songen med Queen under Freddie Mercury Tribute Concert i april 1992. Anne Hathaway song songen i rolla si som Ella i filmen Ella Enchanted.Ella Enchanted Original Soundtrack Allmusic. Henta 21. juni 2016 Brittany Murphy song denne songen i filmen Happy Feet i rolla som Gloria.Happy Feet Soundtrack Soundtrack Net. Henta 21. juni 2016 I filmen Late Last Night, syng Steven Weber songen.
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Somebody to Love (Queen song)» frå , den 22. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, at Freddie Mercury Tribute Concert (med George Michael), Clip from Queen: Days Of Our Lives documentary Tekst på den offisielle nettsida til Queen The Sunday Freeman - review Queenpedia - detailed worldwide release information
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Gospelsongar Kategori:George Michael-songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar om død Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Glamrock-songar