«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» er ein song av Queen frå 1976 på albumet A Day at the Races. Han vart skriven av gitaristen Brian May, som avslutningssongen på albumet.

Songen er kjend for å ha to refreng sungne på japansk. Han vart gjeven ut som singel berre i Japan, der han nådde 49. plassen på listene.A Day at the Races album info B-sida til singelen var «Good Old-Fashioned Lover Boy». Dei henta inn eit lokalt kor til å synge refrenget på slutten. Songen vart avslutta med ein kort instrumental, som er ein reprise av starten på «Tie Your Mother Down» i starten av albumet. Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, slik til dømes Pink Floyd ofte gjorde.

Songen vart framført i Tokyo under Jazz-turneen i 1979 og igjen då bandet vitja Japan i 1981 og 1982.

«Teo Torriatte» vart spelt inn av den japanske songaren Kokia i 2008 på julealbumet hennar Christmas Gift, og av Mêlée i 2010.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar, piano, harmonium, plastic piano, korvokal Roger Taylor - trommer, tamburin, korvokal John Deacon - bassgitar Ukjend - kor på slutten

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» frå , den 23. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar