Møsting er eit lite ringfjell på månen, nær senteret av måneskiva, kalla opp etter den danske statsmannen Johan Sigismund von Møsting (1759–1843).

Det ligg heilt søraust i Mare Insularum. Det ruinerte krateret Sömmering ligg i nordvest. I søraust ligg den store kraterbukta Flammarion. Møsting har ein indre vegg i terrassar og ein liten sentral ås i midten av botnen.

I søraust ligg Møsting A som vert nytta som referansepunkt for seleongrafiske koordinatar. Det er definert til å ha koordinatane: {| border="0" |Breiddegrad: |3° 12' 43.2" Sør |- |Lengdegrad: |5° 12' 39.6" Vest |} Seinare vart koordinatsystemet meir presist definert ved hjelpa v Lunar Laser Ranging Experiment.

Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Mösting.

MøstingBreiddegradLengdegradDiameterA3.2° S5.2° W13 kmB2.7° S7.4° W7 kmC1.8° S8.0° W4 kmD0.3° S5.1° W7 kmE0.3° N4.6° W44 kmK0.7° S7.4° W3 kmL0.6° S3.4° W3 kmM1.3° S4.3° W31 kmU3.2° S6.6° W18 km

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mösting (crater)» frå , den 27. juni 2016. oppgav desse kjeldene: "A Unified Lunar Control Network — The Near Side", Merton E. Davies, Tim R. Colvin, & Donald L. Mayer, RAND Corporation, Santa Monica, 1987.

Kategori:Ringfjell på månen