mini|portrett=1.5|Diakronisk framstilling av Frankerriket med hovudstad i Tournai (431–508) og frå Paris (508–768) Frankarriket (latin Regnum Francorum), også omtalt som Frankia, viser til kongeriket til frankarane i seinantikken og tidleg mellomalder.
Historie
Opphav mini|Signering tilhøyrande Kilderik I med samtidig portrett. Monnaie de Paris. Frankarane stod fram på 200-talet som ei samanslutning av mindre stammar av germanarar, slik som sugambrarar, brukterarar, ampsivariarar, kamavar og hattuariarar, i området nord og aust for Rhinen. Nokre av desse folka, som sugambrarane og saliske frankarar,Latin Salii, «salte frankarar», ei romersk nemning frå tidleg på 500-talet. Nemninga kan ha opphav med tilvising til havet (som er salt), eller til elva IJssel. hadde allereie land i Romarriket og teneste som foederati for romarane ved dei utsette grensene. I 357 strøymde dei saliske frankarane inn i Romerriket og tvinga til seg fast opphald ved at dei fekk ein avtale i 358 med den romerske keisaren Julian.«Salii / Salian Franks (Germans)», The Franks, The History Files
Etter kvart som det frankiske området utvida og ekspanderte, utvida tydinga av «Frankia» med det. Nokre av dei eldste kjende frankiske leiarane, slike som Bauto og Arbogastes, var blitt romaniserte og engasjert til den romerske saka, men andre frankiske leiarar, som Mallobaudes, var aktiv på romersk jord av andre årsaker. Etter at Arbogastes døydde heldt sonen hans Arigius fram, og greidde å etablera eit arveleg fyrstedømme ved Trier. Då motkeisaren Konstantin III døydde i 411 var det ein del frankarar som gav støtte til den nye motkeisaren Jovinus. Han var død to år seinare, i 413, men romarane fann det stadig meir vanskeleg å handtera frankarane innanfor grensene sine. Den frankiske kongen Teodemer blei avretta av romarane ein gong rundt 422.Gregorius av Tours: Historia Francorum, bok II, kapittel 9. Den salisk-frankiske kongen Klodio styrte eit område tilsvarande dagens sørlege Nederland med sentrum i Tongeren, og ein gong rundt 428 sette han i gang eit angrep på romersk territorium og underla seg eit område så langt som til Camaracum (Cambrai) og elva Somme. Biskopen og skribenten Sidonius Apollinaris fortel at Flavius Aëtius nedkjempa frankarane og fordreiv dei mellombels tilbake ein gong rundt 431.Wood, Ian (1994): The Merovingian Kingdoms 450 – 751, Pearson Education Ltd., ISBN 9781317871163, s. 37Bury, J.B. (1923): History of the Later Roman Empire, Macmillan & Co., Ltd., kapittel VIII Denne perioden markerte byrjinga på ein situasjon som heldt fram i mange hundreår: dei germanske frankarane styrte over eit aukande tal gallo-romerske undersåttar, og med unntak av dei øvste klassane byrja folka å gå opp i kvarandre.
Riket som Klodio kontrollerte endra omfang og grenser. Nemninga Frankia fekk ikkje lenger tydinga barbaricum trans Rhenum («barbarar på andre sida av Rhinen»), men hadde politisk og territorial makt på begge sider av elva og vart tungt involvert i romersk politikk. Slekta til Klodio strekte grensa til Frankarriket vidare sørover. Grunna press frå saksarane blei dei nordaustlege grensene tvinga sørvest slik at dei fleste av dei opphavlege frankiske folka kom til å opphalda seg meir sørvestlege område, lausleg mellom elva Somme og dagens by Münster. Kjerneområdet til det frankiske kongedømmet kom seinare til å bli kjent som Austrasia («dei austlege landa»)
Veksten og fallet til merovingane, 481–687 Etterfølgjarane til Klodio er uklare figurar, men det som kan vera sikkert er at Kilderik I, som kanskje var soneson hans, styrte over eit salisk kongerike frå Tournai (i dagens Belgia) som ein romersk foederatus.Heather, Peter (2006): The Fall of the Roman Empire: A New History of Rome and the Barbarians, Oxford, UK: Oxford University Press, ISBN 978-0-19-532541-6, s. 416 Kilderik er dokumentert ved at grava hans blei avdekka i 1653 i Tournai med rike gravgåver, mellom anna signeringen med namnet hans.Wallace-Hadrill, J. M. (1982): The Long-Haired Kings. Toronto: University of Toronto Press, ISBN 0-8020-6500-7, s. 162 Sonen til Kilderik, Klodvig I, arva stillinga og maktområda hans, og byrja å utvida autoriteten sin over andre franske stammar og utvida maktområdet sitt sør og vest i Gallia. Han var også den fyrste av merovingarane som konverterte til kristendommen, ikkje så mykje av religiøse grunnar som at det gav han eit godt forhold til den mektige galliske kyrkja og dei gallo-romerske undersåttane hans.
I styret sitt på rundt tretti år (481–511) overvann Klodvig den romerske generalen Syagrius, den siste romerske kommandanten i Gallia, og avslutta romersk herredømme utanfor Italia. Klodvig overvann den romerske eksklaven Soissons.MacGeorge, Penny (2002): Late Roman Warlords. Oxford University Press, ISBN 0-19-925244-0, s. 111–113 Ripuariske frankarar i området rundt Köln søkte inn under autoriteten hans for å få hjelp mot alamannarane, som Klodvig overvann i slaget ved Tolbiac (truleg Zülpich i dagens Tyskland),Frassetto, Michael (2013): The Early Medieval World: From the Fall of Rome to the Time of Charlemagne, ABC-CLIO, s. 527 og etablerte frankisk styre over dei. Deretter overvann han vestgotarane i slaget ved Vouillé i 507, erobra heile riket deira med hovudstad i Toulouse, bortsett frå Septimania (området mot Middelhavet), og fekk anerkjenning frå den austromerske (bysantinske) keisaren Anastasios I.Mathisen, Ralph W. (2012): «Clovis, Anastasius, and the Political Status 508 CE: The Frankis Aftermath of the Battle of Vouillé» i: Mathisen, Ralph W.; Shanzer, Danuta, red.: The Battle of Vouillé, 507 CE: Where France Began, Walter de Gruyter Inc., s. 88. Han underla seg alle eller dei fleste av dei germanske stammane langs Rhinen.
Han underla seg også dei ulike romerske busetjingane, laeti, som var spreidde over Gallia, til dømes av saksarar i Bessin (Normandie), britonarar og alanarar i Armorica og Loiredalen eller taifalarar i Poitou. Ved slutten av livet sitt styrte Klodvig over heile Gallia, bortsett frå over den gotiske provinsen Septimania som stengde tilgangen til Middelhavet og det burgundiske kongeriket i søraust.
Frankiske høvdingar blei opphavleg valde til krigsleiar og «konge» ved akklamasjon ved å løfta opp den utvalde leiaren på eit skjold etter den gamle germanske tradisjonen. Når leiaren døydde, døydde også riket hans med han, og den enkelte germanske stammen kunne gå inn i forbund med andre stammar under ein annan leiar eller «konge». Med Klodvig blei det innført eit arveleg monarki, men det var framleis underlagt den gamle frankiske tradisjonen at alle sønene kunne arva: riket blei delt opp og fordelt mellom sønene. Sjølv når det var fleire samtidige merovingarkongar som styrte, blei Frankarriket likevel framleis oppfatta — ikkje ulikt det seine Romarriket — som eit enkelt og samanhengande rike styrt kollektivt av fleire kongar. Nye hendingar kunne føra til gjenforeining under ein enkelt konge igjen.
Sønene til Klodvig mini|Dronningmora Klotilde overvaker delinga av Frankarriket mellom sønene til Klodvig, Grandes Chroniques de Saint-Denis (Bibliothèque municipale de Toulouse). Då Klodvig døydde i 511 blei riket hans fordelt blant sønene hans, slik skikken var blant germanarane. Trass i oppdelinga heldt ein fram med å oppfatta Frankarriket som ei eining, slik Romarriket var det med fleire keisarar. Teoderik I (485–534) blei konge av frankarane med hovudstad i Reims, og blant halvbrørne hans (som hadde Klotilde som mor) blei Klodomer (495–524) konge av frankarane med hovudstad i Orléans; Kildebert I (496–558) blei konge av frankarane i Paris, og Klotar I (497–561) blei konge av frankarane i Soissons, og var konge av alle frankarane ved 558. I løpet av deira tid som kongar blei thüringarar (532), burgundarar (534), og saksarar og frisarar (ca. 560) underlagt Frankarriket. Ein del av dei germanske stammane på andre sida av Rhinen vart lausleg tilknytte, og sjølv om dei var plikta å bidra med soldatar til den frankiske militære kampanjane, var dei i tider med svake kongar utanfor kontroll og blei uavhengige. Det romaniserte burgundiske kongeriket blei likevel bevart i territorium og omgjort til ein av dei fremste frankiske divisjonane, underlagt den sentrale galliske delen av Klodomer sitt rike med hovudstad i Orléans.
Dei broderlege kongane viste berre periodevis teikn på vennskap og var ofte rivalar. Ved den tidlege døden til Klodomer i 524, sørga broren hans Klotar å få dei unge nevøane sine drepne for sikra seg hans del av Frankarriket. Dei to brørne som var att delte riket til Klodomer mellom seg, og då halvbroren Teoderik døydde i 534 rykte dei inn, men den vaksne sonen til Teoderik, Teodebert I, klarte å forsvara arven sin, som då utgjorde den største andelen av dei frankiske underrika og kjernen av det seinare kongeriket Austrasia.
Teodebert var den fyrste frankiske kongen som formelt innleidde band til Det bysantinske riket ved å prega gullmyntar med sitt eige bilete og kalla seg sjølv for magnus rex (‘storkonge’) grunna det antekne overherredømmet hans over folk så langt unna som Pannonia. Teodebert blanda seg inn i gotarkrigen på sida til gepidane og langobardane mot austgotarane, og skaffa seg provinsane Raetia, Noricum og deler av Venetia.
Klotar høgre|mini|Guntram og Kildebert II, frå Grandes Chroniques de France. Sonen og etterfølgjaren til Teodebert, Teudebald, var ikkje i stand til å halda på dei utvida innehavingane sine, og då han døydde gjekk hans rike til Klotar I. Då broren til Klotar Kildebert døydde barnlaus i 558 blei heile det frankiske riket sameint under Klotar I sitt styre.Rouche, Michel (1979): L' Aquitaine des Wisigoths aux Arabes (418-781). Naissance d'une région, Éd de École des hautes études en Sciences Sociales et éd Jean Touzot, Paris, s. 63. I 561 døydde så Klotar, og det sameinte riket hans blei delt, på same vis som hadde skjedd femti år tidlegare, mellom dei fire sønene hans og med dei fremste byane.
Den eldste sonen, Karibert I, arva kongeriket med hovudstad i Paris og styrte heile vestlege Gallia. Den nest eldste, Guntram, arva det gamle kongeriket til burgundarane, forstørra med landområde i sentrale Frankrike rundt den gamle hovudstaden Orléans, og det meste av Provence. Resten av Provence, Auvergne og austlege Aquitaine gjekk til den tredje sonen, Sigibert I, som også arva Austrasia med byane Reims og Metz. Det minste kongeriket var det i Soissons som gjekk til den yngste sonen, Kilperik, og riket han styrte fram til han døydde i 584 blei utgangspunktet for det seinare Neustria.
Denne andre frankiske innndelinga i fire blei raskt øydelagd av ein innbyrdeskrig, som i stor grad byrja med drapet på Galswintha, kona til Kilperik, påstått av frilla (og andrekona) Fredegund.«Fredegond» i: Encyclopædia Britannica, 1911, 11. utg. Systera til Galswintha var Brunhilda som var kona til Sigebert. Ho egga mannen sin til å gå til krig, og konflikten mellom dei to dronningane heldt fram inn i det neste hundreåret. Guntram freista å halda på freden, sjølv om han to gonger, 585 og 589, freista å erobra Septimania ved Middelhavet frå vestgotarane, utan å lykkast nokon av gongene.