Per Sandal () var ein norsk historikar, forskar og forfattar. Han vaks opp på Breim i Gloppen, og var busett store delar av livet i Sogndal. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane). Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie og han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.

Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–91 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Allkunne

Bakgrunnsstoff Om Per Sandal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Forfattarar frå Gloppen