Nicholas Ulrich Mayall () var ein USA-amerikansk astronom.
Mayall var tilsett ved Lick-observatoriet frå 1945 til 1960, og var direktør for Kitt Peak National Observatory frå 1960 til 1971. Mayall publiserte ein fleire avhandlingar om raudforskyvinga til galaksane, dei indre rørslene i galaksane, snøggleiken til stjernehopar og galaktiske tåker.
Mayall-teleskopet som er hovudinstrumentet ved Kitt Peak-observatoriet, er eit 4 meter stort spegelteleskop som vart teken i bruk i 1973.
Oppkallingar Kulehopar: Mayall II, Mayall III, Mayall IV, Mayall V og Mayall VI Galaksar: Mayall-objektet Asteroide: 2131 Mayall Kitt Peak National Observatory Nicholas U. Mayall Telescope
Kjelder
Kategori:Folk frå Moline i Illinois Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Kosmologar Kategori:Folk døde av diabetes Kategori:Elevar ved University of California, Berkeley