Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund () var ein norsk lærar og politikar frå Vik i Sogn. Han representerte Venstre på Stortinget i åra 1913-18.

Far hans var lærar og kyrkjesongar i Vik. Sjølv vart Rosenlund seminarist frå Stord i 1883. Dei to komande åra var han dels lærarvikar og huslærar. Frå 1886 var han lærar i Davik prestegjeld i Nordfjord, frå 1891 også kyrkjesongar. I 1896 fekk han også jobben som kasserar i den lokale sparebanken. Same året vart han medlem i formannskapet i Davik kommune, varaordførar 1897-98, og ordførar frå 1899 til 1916. Attåt var han forlikskommissær frå 1898.

Valperiodane 1913-15 og 1916-18 representerte Rosenlund Nordfjord krins på Stortinget, der han var medlem av Protokollkomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordre Bergenhus amt Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Ordførarar i Davik Kategori:Venstreordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Vik Kategori:Folk frå Bremanger