Pollux (β Gem, β Geminorum, Beta Geminorum) er ei stjerne nord i stjernebiletet Tvillingane. Ho er ei utvikla kjempestjerne med oransje farge. Ho har ein tilsynelatande storleiksklasse på 1,1, og er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet; meir lyssterk enn nabostjerna Castor (Alfa Geminorum). Parallaksemålingar med satellitten Hipparcos har plassert stjerna 33,78 lysår unna jorda. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter. I 2006 vart det stadfesta at Pollux har ein eksoplanet kring seg.

Eigenskapar Stjerna er større enn sola, kring to gonger massen og nesten ni gonger radiusen. Ho var ein gong ei hovudseriestjerne klasse A, og har nytta all hydrogenet i kjernen og utvikla seg til ei kjempestjerne med spektralklasse K0 III. Den effektive temperaturen til den ytre envelopen til denne stjerna er kring 4 666 K, som ligg i området som produserer den karakteriske oransje fargen til klasse K-stjerner. Pollux verkar å rotere langsamt med ein projisert rotasjonssnøggleik på 2,8 km/s.

Planetsystem

Det har vore mistenkt sidan 1993 at ein eksoplanet krinsa kring Pollux, frå svingingar i den målte radialsnøggleiken. Planeten Pollux b vart annonsert den 16. juni 2006. Pollux b er kalkulert til å ha ein masse på minst 2,3 gonger massen til Jupiter. Ho brukar kring 590 dagar på ein runde rundt Pollux.

Sjå òg Aldebaran stjerna Castor

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pollux (star)» frå , den 5. juli 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kjempestjerner klasse K Kategori:Planetsystem Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda