Bodo Illgner () er ein tysk tidlegare fotballspelar, fødd i Koblenz. Han vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1990 og fekk EM-sølv 1992 med Tyskland. I 1998 vakta han målet til Real Madrid då klubben vann Meisterligaen 1998.

Illgner seriedebuterte på FC Köln i januar 1986 og var fyrstekeeper for laget frå 1987/88-sesongen. I hans tid som målvakt vart Köln nummer to i Bundesliga 1989 og 1990, og i 1991 tapte laget den nasjonale cupfinalen mot Werder Bremen etter straffesparktevling. I august 1996 vart Illgner overført til den spanske storklubben Real Madrid. Der var han fast fyrstekeeper fram til hausten 1999, då Iker Casillas erobra målvaktsplassen. Illgner la opp i 2001, etter to år på innbytarbenken.

Illgner landslagsdebuterte i september 1987, og var med i EM-troppen i 1988. Frå 1989 var han det opplagde fyrstevalet i mål for den vesttyske landslagssjefen. 23-år gammal opplevde Illgner høgdepunktet på fotballbana då Vest-Tyskland vann finalen i verdsmeisterskapen 1990 med 1-0 over Argentina. Dermed vart Illgner den fyrste målvakta som heldt buret reint i ein VM-finale. Han vakta også målet då Tyskland tapte 0-2 mot Danmark i finalen under fotball-EM 1992 i Sverige. I 1994 var Illgner tysk landslagsmålvakt i sitt tredje rake meisterskap, VM i fotball 1994 i USA. Han drog av seg den tyske landslagstrøya for siste gong etter det vart tap mot Bulgaria i kvartfinalen. Illgner fekk i alt 54 landskampar frå 1987 til 1994.

Merittar Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland EM-sølv: 1992 med Tyskland Meisterligavinnar: 1998 med Real Madrid Spansk serievinnar: 1997 med Real Madrid Finalist i den vesttyske cupen: 1991 med FC Köln

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bodo Illgner» frå , den 7. juli 2016.

Eu-football

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Köln-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994