Schwabe er eit lite månekrater som ligg nord på månen. Det ligg søraust for det større krateret Arnold, og aust-nordaust for Democritus.
Ei kløft går gjennom krateret i nordvest og fram til det lava-fylte terrenget kring Schwabe G. Sør for Schwabe ligg ei anna kløft som går frå kanten av Schwabe D og nesten 100 km austover.
Resten av kraterkanten til Schwabe er nedsliten og ujamn, med den mest intakte delen langs aust-søraustsida. Den indre botnen er blitt fylt med basaltisk lava, og har kanskje flytt inn i krateret gjennom kløftene i kanten. Overflata er jamn og utan detaljar, med ein albedo lik det kringliggande terrenget.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sida av kratermidtpunktet som er nærast Schwabe.
Schwabe BreiddegradLengdegradDiameterC67.8° N46.9° E29 kmD64.5° N44.6° E17 kmE64.0° N43.4° E19 kmF66.4° N50.0° E20 kmG65.5° N42.2° E15 kmK67.5° N48.8° E9 kmU66.5° N57.1° E17 kmW69.6° N52.2° E9 kmX68.3° N56.6° E8 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Schwabe (crater)» frå , den 9. juli 2016.
Kategori:Ringfjell på månen