Cindy Roleder () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Karl-Marx-Stadt, som internasjonalt deltok på 100 m hekk, nasjonalt også i sjukamp. Ho vart europameister på 100 meter hekk i 2016 og tok VM-sølv i 2015 og EM-bronse i 2014 og 2018.
Aktiv Roleder vart i Kassel tysk meister 2011 på korthekken med tida 13,10 sekundar. Kort etter sette ho personleg rekord med 12,91 sekundar i Fribourg og kvalifiserte seg dermed til VM i Daegu, der ho i semifinalen tangerte den personlege rekorden, men vart slått ut. I 2012 vart ho nummer sju i Helsinki-EM og var sjanselaus på vidare avansement frå semifinalane.
Med tida 12,82 sekundar tok Roleder i 2014 bronsemedaljen på 100 m hekk då friidretts-EM fann stad i Zürich, ho var 0,06 sekundar bak vinnaren Tiffany Porter som representerte Storbritannia. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing i 2015 overraska ho stort med eit glitrande finaleløp på 12,59 sekundar, noko som gav henne sølvmedaljen i øvinga, einast 0,02 sekundar bak den jamaikanske vinnaren, Danielle Williams. I friidretts-EM 2016 i Amsterdam var ho favoritt og innfridde med sitt neste snøggaste løp nokon gong, klokka inn på 12,62 sekundar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Diskvalifisert i semifinalane – nr 16 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane – nr 12 (12,91) EM 2012 i Helsinki: Nr 7 – 13,11 OL 2012 i London: Utslått i semifinalane – nr 18 (13,02) EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 12,82 VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 12,59, bakom Danielle Williams (12,57 ) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 12,62, framom Alina Talaj (12,68) EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 12,77 VM 2019 i Doha: Utslått i semifinalane – nr 12 (12,86)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cindy Roleder» frå , den 11. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Cindy Roleder» frå , den 11. juli 2016.
World Athletics
Kategori:Tyske hekkeløparar Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016